|
Rauland kunstforening er ein medlemsorganisasjon som
har drive kunstformidling i godt over 30 år.
Kunstforeninga er medlem av eit nasjonalt nettverk av 190
kunstforeningar rundt om i landet, og ein av 17 som har
lønna dagleg leiar / intendant. Kunstforeningas mandat er å
vise mangfaldet i samtidskunsten, "vise kva som rører seg
derute".
Målet er å ha ein
inkluderande, varm og open møteplass for alle som er
interessert i kunst og kultur, ein møteplass som gjev
påfyll og inspirasjon til bygdefolk og tilreisande.
|